Politi i krise
Krisa i politiet blir meir og meir tydeleg. Ifølgje Aftenposten står over 400 stillingar ledig. Situasjonen er ille landet rundt, men verst i distrikts-Norge.
Også lensmannskontora i Hallingdal slit. Fire av 18 stillingar står for tida ledig. Bemanningsproblema har ført til store hol i vaktplanane. Å oppretthalde ein forsvarleg helgeberedskap er så godt som umogeleg. Rett nok har lensmennene sjølve trødd til med vanleg politiarbeid, men arbeidsmengda er i ferd med å gå på helsa laus. Bemanningsproblema fører også til at saker blir nedprioritert.
Problema med å rekruttere lensmannsbetjentar til små lensmannskontor er samansett. Mykje må tilskrivast for liten utdanningskapasitet ved Politihøyskolen fyrst på 2000-talet. Rett nok er talet på studentplassar auka, men ikkje nok til å fylle opp alle ledige stillingar.
Eit anna moment er attraktiviteten. Mange innan politiet blir trekt mot dei store byane. Her kan ein jobbe i større miljø og det er betre høve til spesialisering.
Men aller viktigast er lønns- og arbeidsvilkåra. Misnøyen blant lensmannsbetjentane blir berre større og større. Lønna er for dårleg, etaten er underbemanna og det blir drive rovdrift på dei tilsette, hevar Politiets Fellesforbund.
Sjølv om Politiforbundet og forbundsleiar Arne Johannessen gjer sitt beste for å fyre opp under elendigheitsbeskrivelsen, er det ingen tvil om at situasjonen er vanskeleg. Media melder stadig om at politiet ikkje har rykka ut på alvorlege oppdrag på grunn av mannskapsmangel. Slik kan me ikkje ha det. Lov og orden er avgjerande for eit velfungerande samfunn. Einskildmennesket har krav på tryggleik.
Men når det er sagt - det er heller ingen tvil om at det pågår ein aksjon blant dei tilsette innan politiet. Ingen tek lenger på seg overtid. Dette er sjølvsagt ikkje noko dei har kome på sjølve. Her luktar det Politiets Fellesforbund lang veg. Forbundets uoffisielle lønnskamp er med på å forsterke problema.
Sjølvsagt fortener politifolk skikkelege lønns- og arbeidsvilkår. Det er heller ingen tvil om at den siste politireforma har forverra arbeidssituasjonen. Oppgåver og ansvar er ikkje blitt fylgd opp med budsjettmidlar. Men å dyrke elendigheitsbeskrivinga kan slå tilbake på politiet. Både gjennom dårlegare rekruttering og eit dårlegare omdøme.

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)









Tips en venn