Print logo
Du er her Forside // Arbeidsområder // Lønns- og arbeidsvilkår // Lønn og tariff // Lønn og tariff 2008

Eit politi på kanten

Bergens Tidende hadde 12. november en leder som beskylder Politiets Fellesforbund for å ha satt i gang omfattende og samordnende lønnsaksjoner i fredspliktperioden. Forbundsleder Arne Johannessen har skrevet et tilsvar som stod på trykk på lørdag.
i
Du finner tilsvaret nedenfor.

Bergens Tidende går på leiarplass onsdag 12. november langt i å antyda at Politiets Fellesforbund har sett i gang samordna aksjonar som ein del av ein lønskamp i politiet. Me vert og skulda for å øydeleggja tariffsystemet, fordi me driv lønskamp mellom tariffperiodane, då det er fredsplikt.

Politiets Fellesforbund tykkjer det er interessant å sjå at når polititilsette vil verna om fritida si og ikkje jobba så mykje overtid vert de hengt ut som "aksjonistar"

Politiet har på 10 månadar i år brote arbeidsmiljølova 20 000 gonger for å dekka samfunnet sitt behov for polititeneste. Det er utruleg at ikkje fleire politikarar og "redaktørar på leiarplass" tenkjer litt lenger fram og stiller spørsmål ved om samfunnet er tent med eit slite og overarbeidd politi som rykkjer ut med våpen og driv med utrykkingskøyring etter å ha jobba 20-40 timar samanhengende.

Når Bergens Tidende meiner at Politiet Fellesforbund ikkje kan kjempa for høgare løn utanom tariffoppgjeret kvart år, manglar avisa kunnskap om hovudtariffavtalen i staten og alle dei spesielle situasjonane som er løyst tidlegare.

Avtaleverket inneheld ein rekke forhandlingsbestemmingar som kan nyttast i perioden mellom dei årlege forhandlingane. Dei har mange gonger vore nytta for små og store grupper for å løysa spesielle utfordringar.

Samfunnet treng meir politikraft, det kan Politiets Fellesforbund vere med å skapa umiddelbart i ein konstruktiv dialog med justisministeren. Utgangspunktet for dialogen vår må vera at me skal skapa tre vinnarar: publikum som får meir politikraft, dei tilsette i politiet som får betre løns- og arbeidsvilkår og regjeringa som får løyst ein stor politisk utfordring.
Del på:

Tips en venn

Kommentarer til artikkelen

Legg til ny kommentar:
  • Vis respekt for andre lesere og omtalte personer. Kommentaren kan være inntil 1000 tegn.