Print logo
Du er her Forside // Arbeidsområder // Lønns- og arbeidsvilkår // Lønn og tariff // Lønn og tariff 2008

Når politiet vert røvarar

I en kommentar i Sunnmørsposten 15. november skrev journalist Geir Strand at politiet er i ferd med å innta røverrollen i sin kamp for bedre lønns- og arbeidsbetingelser. Han er tydelig på at justisministeren ikke kan gi politiet høyere lønn utenom tariffperioden, men mener likevel at Storberget burde kunne signalisere at lønnen i politiet skal ytterligere opp. Arne Johannessen, leder av Politiets Fellesforbund, har skrevet et tilsvar.
i
Du finner tilsvaret nedenfor.

Geir Strand skreiv i sist veka i Sunnmørsposten om "Når politiet blir røvere". Han trekk parallellar mellom den situasjonen me har i politiet i dag og situasjonen i Kardemomme by. Begge stader får røvarane vera i fred, om enn av ulike grunnar.

Når røvarane i større grad enn tidlegare får driva verksemda si i fred, er det fordi politifolk ikkje lenger er villige til å jobba så mykje som før. Politiet har brote arbeidsmiljølova ca 20 000 gonger på 10 månader for å dekka samfunnet sitt behov for polititeneste. Når politifolk har vore villige til å jobba så mykje er det fordi dei tradisjonelt har vore særs lojale mot arbeidsgjevaren og publikum. Familie og fritid har kome i andre rekke. No er me der at til og med politifolk meinar at nok er nok. Dei ser at innsatsen, lojaliteten, yrkesrolla, risikoen, tilliten frå samfunnet, belastninga, vald- og trugsmåla, overtidsbelastninga, brota på arbeidsmiljølova med meir ikkje vert verdsett frå det politiske fleirtalet. Ingen yrkesgrupper kan åleine ta ansvaret, særleg ikkje når ansvaret ikkje vert belønna.

Det er utruleg at ikkje Geir Strand og andre debattantar tenker litt lenger fram og stiller spørsmål ved om samfunnet er tent med eit slitent og overarbeidd politi som rykker ut med våpen og driv med utrykkingskøyring etter å ha jobba 20-40 timar samanhengande.

Når Strand, som ein del andre, meinar at Politiets Fellesforbund ikkje kan kjempa for høgare løn utanom i tariffoppgjeret kvart år, manglar han kunnskap om hovudtariffavtalen i staten og alle dei spesielle situasjonane som er løyst tidlegare. Avtaleverket inneheld ein rekke forhandlingsbestemmelsar som kan nyttast i perioden mellom dei årlege forhandlingane. Dei har mange gonger vore nytta for små og store grupper for å løysa spesielle utfordringar.

Politiets Fellesforbund beklagar den situasjonen som no er i politidistrikta og me beklagar ikkje minst at det går ut over publikum. Me kan forsikra at både forbundet og medlemmane våre ynskjer ein meir normal arbeidskvardag i politiet. Difor ser me fram til dialogen med justisminister Knut Storberget, som han har teke initiativet til. Så kan me saman finne ei løysing, til beste for våre medlemmar, politikarane sjølve og ikkje minst publikum.

For publikum fortenar ei betre polititeneste enn det dei får i dag. Det er me alle einige om.

Arne Johannessen
Forbundsleiar

 

Del på:

Tips en venn