Julehilsen fra forbundsleder
Betre løns- og arbeidsvilkår vil sikra eit betre politi i framtida
Medlemmane til Politiets Fellesforbund har synleggjort dårlege løns- og arbeidsvilkår denne hausten. Synleggjeringa har resultert i sterk støtte hos "folk flest" for betre løns- og arbeidsvilkår og betre bemanning. Synovate sin måling i november syner at 9 av 10 støttar kravet om risikotillegg til operativt personell og 9 av 10 støttar kravet om betre bemanning.
Men det har vore ein krevjande periode for mange tilsette i etaten, mykje negativt fokus, svært lite folk på arbeid og mange utfordringar for leiarane for å få turnuslister som dekkar det akutte behovet.
Historia før syner at når ein skal kjempa fram ein ny og betre situasjon, må ein først igjennom ein vanskeleg periode for så å få det betre.
Forskingsrapporten som vart presentert av Liv Finstad og Christin Thea Watne 1. september avdekka stor frustrasjon hos politioperativt personell. Politirolla har endra seg mykje dei siste åra, meir vald- og trugsmål, mykje våpen, mindre politi til å løysa politioperative oppgåver og mange opplever dårleg verdsetting av jobben. Mange opplever også manglande støtte frå leiarane sine - dette er fakta, ikkje svartmaling.
Politifolk har i alle år vore svært lojale mot samfunnsmandatet som ligg i politirolla, å skapa tryggleik ved å førebyggja eller etterforska kriminalitet er for mange ei livsoppgåve som dei har ofra familie- og fritid for å lukkast med.
Ein har i alle år dekka over politikarane sin manglande satsing på politiet, ved at dei tilsette har jobba masse overtid (både betalt og gratis). Dei tilsette har akseptert at arbeidsmiljølova sine reglar for maks overtidstimar og reglane for kviletid ikkje kan gjelda for politiet, for då ville ikkje samfunnet fått dekka sine behov for politiberedskap.
Når tilsette i politiet seier at nok er nok, og markerar at ein ikkje lenger er villige til å ta eit personleg ansvar for politibemanninga, men vil plassera ansvaret der det høyrer heima, nemleg hos politikarane, vert ein møtt med kraftige angrep frå mange politikarar.
Dette er eit stort paradoks, og vert opplevd som enormt skuffande og sårande for politifolk som til dei grader har teke ansvaret.
Grunnlaget for å skapa ro i politi- og lensmannsetaten ligg i å gjera noko kraftig med løns- og arbeidsvilkåra, og då snakkar me ikkje om utanom tur, men som ein del av vår særavtale ATB, med andre ord innanfor hovedtariffavtalan sine reglar og på same måten som ein har ordna det før for andre små og store grupper.
PF har sagt at me nok ein gong er villige å ta samfunnsansvar ved å tilby at våre medlemmar innarbeidar inntil 2,5 t ekstra arbeidstid på tenestelista kvar veke, og dette er det anledning til å gjera i samsvar med reglane i arbeidsmiljølova. Me forventar at det vert kompensert som 100% overtid.
Dersom alle våre politiutdanna medlemmar arbeider 2,5 t ekstra vil det gje samfunnet umiddelbart 500 ekstra politistillingar. Dette ville vera historias største løft for eit tryggare samfunn. PF forventar at regjeringa som har ansvaret for folk sin tryggleik og tryggleiken til politiet, sørger for at ein får fleire politifolk ved å utvida arbeidstida. Sjølvsagt har me sagt at ein må kunne reservera seg for meir arbeidstid på individuelt grunnlag.
For å få meir politikraft har me også sagt at ein umiddelbart bør tilsetta 2-300 nye sivile, dette for å frigjera mange politiutdanna frå oppdrag som vakt i retten, transportoppdrag m.m. Dette forventar me også ein rask respons på. Saman med ein god seniorpolitikk, som gjer at mange erfarne dyktige tilsette vil arbeida lenger, kan ein langt på veg løysa bemanningskrisa - om ein vil.
Skuldingar om at ein utnyttar sjukemeldingssystemet har vore nytta som ein av hersketeknikkane, men sanninga er at 1 av 3 opplyser i forsking at ein går på jobb når ein er sjuk, og ferske tal syner at ein også denne hausten ligg ca 2 % under sjukefråværet i arbeidslivet. Sjukefråværet var 1. kvartal i 2008 på 5,9 % i politiet, 2. kvartal 5,3 % og 3. kvartal berre 4.4 % - langt under resten av arbeidslivet.
Mange har denne hausten forsøkt å skapa eit inntrykk av at Politiets Fellesforbund driv lønskamp "utafor tur", særleg har dette vore viktig hersketeknikk frå Justisministaren og andre i regjeringspartia. Fakta kjenner dei godt.
Bemanninga er svært dårleg i politiet, det synar Politidirektøren sin gode rapport Politi 2020. Me ligg langt under andre land. Dei siste 7 åra har me hatt ein realnedgang på 122 politiutdanna i høve til befolkningsvekst.
Situasjonen vert verre fram til 2012, men då kan den verta betre under føresetnad av at ein stoppar flukta frå etaten og at ein får dei som tek politiutdanning verkeleg til å byrja i etaten.
Dette handlar om verdsetting og løns- og arbeidsvilkår som gjer yrket meir konkuransdyktig.
PF har ein særavtale om arbeidstid som går ut 1.7. Me har sagt tydeleg at me ser vårt krav om eit eige risikotillegg i samanheng med å forlenga unntaka frå arbeidsmiljølova sine kvilereglar som me i dag har unntak i frå. Det er urimeleg at ein over lang tid skal ha unntak som andre yrkesgrupper slepp unna, utan å få skikkeleg betalt for det.
Sidan det tek mange år til ein får betre bemanning, vil etaten leva med ei kontinuerleg bemanningskrise i mange år framover, og den vil verta katastrofal dersom PF og POD ikkje vert samde om unntak frå arbeidsmiljølova frå 1.7. 2009.
Andre yrkesgrupper har vore i liknande situasjonar før, og har laga særavtalar med unntak og eventuelt meir arbeidstid i periodar, som også PF er villige til å forhandla om.
Det er ein del andre yrkesgrupper og organisasjonar som har meldt seg på bana og flagga at dei har minst lika stor risiko og belastning i sin jobbsituasjon. Det er ingen tvil om at mange yrkesgrupper har det tøft, mykje vald og trugsmål, men det som er felles for alle er at når dei verkeleg er i fare så ringer dei til politiet som må gå inn å trygga alle andre borgarar, også med fare for eige liv. Politiet er samfunnet sin siste skanse som har både lov og plikt til å nytta makt for å beskytta samfunnet og einskildpersonar, om nødvendig med skytevåpen.
Dette er ei rolle som ingen andre yrkesgrupper har i fredstid, truleg er dette noko som dei fleste vanlege folk forstår godt sidan 9 av 10 seier at politiet fortenar eit eige risikotillegg.
Mange tillitsvalte og medlemmar av PF har gjort ein stor innsats i ein kamp for eit betre politi i framtida og ikkje minst eit tryggare samfunn for publikum. Det er også grunn til å gje stor ros til sivilt tilsette og leiarar som har teke desse utfordringane på ein profesjonell måte.
Me veit at me har folk flest i ryggen i vår viktige kamp. 9 av 10 seier at dei støttar kravet om meir politi i tillegg til eige risikotillegg for politioperativt personell.
PF har lansert sine framlegg til løysing, og me forventar tydelege signal i januar på kva regjeringa vil. Situasjonen er politikarskapt over tid, mange regjeringar har ansvaret for at arbeidsgjevar er avhengig av unntak frå arbeidsmiljølova og stor fleksibilitet frå dei tilsette for å ha nok politiberedskap. Når me har registrert 20 000 brot på Aml sine kvilereglar på 10 mnd, kan ein berre tenka seg til kva det ville bety om ein ikkje hadde avtalt unntak...............
Eg ser fram til konstruktivt og godt arbeid for å finna løysingar på dei store utfordringane til politiet i 2009, men PF forventar ein sterk vilje og konstruktivitet frå regjeringa og ikkje minst justisministar Knut Storberget på nyåret.
GOD JUL OG GODT NYTTÅR.
Beste helsing
Arne Johannessen

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)









Tips en venn