Print logo
Du er her Forside // Media // Nyhetsarkiv // 2009 // April

Politi eller klassepurk?

Stein Ørnhøi skrev 2. april et kommentarinnlegg i Dagsavisen hvor han kritiserer Politiets Fellesforbund, politiets demonstrasjon og mangelen på reaksjoner i etterkant. Forbundsleder Arne Johannessen har skrevet et tilsvar som stod på trykk i forrige uke.
i
Du finner tilsvaret nedenfor.


Stein Ørnhøi sluttar seg til hylekoret mot Politiets Fellesforbund gjennom ein kommentar i Dagsavisa torsdag 2. april. Ørnhøi er særs kritisk til at politiet trakk på seg uniforma og demonstrerte i gatene mot ei folkevald regjering. Han går så langt at han stiller spørsmål om ingen skjønner "at vi ikkje skal ha brune spor i Oslos gater".

Dette spørsmålet reagerar Politiets Fellesforbund svært sterkt på. Ørnhøi går faktisk lengre enn dei fleste som har delteke i hylekoret mot oss den siste tida. Når han på denne måten antyder ei kopling mellom politiet som samfunnet sitt maktapparat og "brune spor" gjer han ein stor urett mot eit av dei politikorpsa i verda som har best utdanning og høgaste tillit.

Samstundes som politiet er samfunnet sitt maktapparat er det og ei arbeidstakargruppe. At politiet som arbeidstakargruppe har og nyttar dei same faglege rettane som andre arbeidstakarar, meinar me er sjølvsagt. Kanskje Ørnhøi skulle reflektera over kva signal samfunnet sender til politiet sitt, når ein tek frå dei ein grunnleggande demokratisk rett som forhandling på eige arbeidstid. Å setja likskapsteikn mellom ein situasjon der politiet på fritida si gjennomførar ein lovleg demonstrasjon mot regjeringa, og vilja deira til å gjera statskupp i arbeidstida, er grovt. Sett i eit historisk lys, vert dette å trå langt over grensa. Ørnhøi har markert seg som ein historieinteressert mann. Han meir enn dei fleste burde sjå det.


Arne Johannessen
Forbundsleiar

Del på:

Tips en venn

Kommentarer til artikkelen

Legg til ny kommentar:
  • Vis respekt for andre lesere og omtalte personer. Kommentaren kan være inntil 1000 tegn.