Print logo
Du er her Forside // Media // Nyhetsarkiv // 2009 // April

Politi på villspor

VG retter skarp kritikk mot Politiets Fellesforbund i sin leder 27. mars. Avisen mener metodene i kampen for bedre lønns- og arbeidsvilkår er rettstridige, og at kravene har blitt fremmet utenom tarifforhandlinger. Leder av Politiets Fellesforbund, Arne Johannessen, har skrevet et tilsvar som står på trykk i dag.
i

Du finner leserinnlegget nedenfor. Lederen til VG finner du under "Les mer" på høyre side.

VG går hardt ut mot Politiets Fellesforbund i avisa sin leiar fredag 27. mars. Redaktøren skriv at "det har fremmet sine krav utenfor tarifforhandlingar, og det har skjedd med metoder som i sum og virkning helt klart er rettsstridige". Hanne Skartveit er heller ikkje nådig i sin kommentar måndag 30. mars.

Den metoden Politiets Fellesforbund og våre medlemmar har nytta seg av er å ta meir vare på fritida. Me undrar oss over vanlege rettar som gjeld for arbeidstakarar i Noreg ikkje skal gjelda for politiet? Det å ha fritid, som også er forutsigbar slik at det er mogeleg å planlegga kva den skal brukast til, er ein rett i arbeidslivet. Kan samfunnet forventa at politifolk berre skal ha eit fokus i livet, nemleg å kjempa mot kriminalitet, uavhengig av om det er arbeidstid eller fritid?

Det er utruleg å lesa at VG slår fast at metodane "helt klart er rettsstridige". Eg registrerar at VG set seg over Arbeidsretten i tillegg til å vera avis.

Politiet er unntatt frå arbeidsmiljølova sine overtidsreglar og kviletidsbestemmelsar. Ei evaluering av bruken av unntaka, synar at dei vart nytta ca 50 000 gonger i fjor. Det provar at det er stor mangel på politikraft i Noreg.

Justisministaren har gjort ein god jobb for å auka tal politifolk ved å auka tal studentar på Politihøgskulen. Men dei nye studentane vil ikkje koma ut i arbeid før i 2012. Politiets Fellesforbund har difor spelt inn framlegg til korleis me kan bidra, slik at folk får meir politikraft fram til då. Me har til dømes sagt at medlemmane våre kan jobba 2,5 time meir i veka. Det vil gje 500 ekstra årsverk.

Det er snart på tide at VG, ein del andre media og statsrådar sluttar og snakka om "lønsforhandlingar utanom tur". Me har sagt oss villige til å forhandla om store unntak i arbeidsmiljølova, men då forventar me forhandlingar på arbeidstid og ikkje diktat som regjeringa legg opp til. Me reknar med at også VG forsvarar den frie forhandlingsretten i Noreg.

Publikum tapar mest på den vanskelege situasjonen. Dei får på langt nær den polititenesta dei har krav på. Politiets Fellesforbund er sikker på at Regjeringa og me har same mål: eit trygt samfunn for alle. Me ser difor fram til forhandlingane.


Arne Johannessen
Forbundsleiar

Del på:

Tips en venn

Kommentarer til artikkelen

Legg til ny kommentar:
  • Vis respekt for andre lesere og omtalte personer. Kommentaren kan være inntil 1000 tegn.

LOGG INN PÅ MIN SIDE