Print logo
Du er her Forside // Media // Nyhetsarkiv // 2009 // Juli

Politikonflikten: Tredobbelt tap

– Eg er overraska og skuffa over at det ikkje var mogleg å finne ei løysing. Alle taper i situasjonen som har oppstått, seier Unio-leiar Anders Folkestad i ein kommentar til brotet i forhandlingane om arbeidstida i politiet.
i

Da kontakten mellom partane blei gjenoppretta var det grunn til optimisme, og dette heldt seg lenge. Folkestad deltok ikkje direkte i forhandlingane, men han har inntrykk av at det lenge var forhandlingsvilje på begge sider av bordet og ein konstruktiv dialog.

– Men det skar seg fordi arbeidsgjevar blei for grådig mot slutten med tanke på unntak frå arbeidsmiljøloven, seier Folkestad.

Sjølve forhandlingsprosessen blei uryddig fordi arbeidsgjevar heilt i sluttfasen kasta inn nye krav. Desse krava gjekk i for stor grad ut over mellom anna kviletid og fritid.

– Dette torpederte moglegheita for å finne ei løysing, noko arbeidsgjevar også måtte forstå. Dette handlar om viktige prinsipp, men også om sikkerheita til dei tilsette i politiet og dermed også publikum.

Knut Storberget og politietaten sit no att med ei forskrift som gjev dårlegare fleksibilitet enn ein avtale ville gjort. Folkestad er undrande til at regjeringa valde dette.

– Resultatet er eit tredobbelt tap: Politiet taper, publikum taper og ikkje minst taper regjeringa. Dei fire store organisasjonane på arbeidstakarsida gjorde iherdige forsøk på å finne ei løysing, men diverre blei prosessen velta i innspurten, seier Folkestad.

Del på:

Tips en venn

LOGG INN PÅ MIN SIDE