Politikonfliktens pris
VG held fram sin einsidige og unyanserte linje i høve til "politikonflikten" på leiarplass den 15.7, med ein liten betring i siste avsnitt. Avisa legg som vanleg det meste av ansvaret på fagforeininga. PF spelte inn mange gode, konstruktive løysingar i 2008. Mykje er gjennomført i godt samarbeid mellom regjeringa, PF og andre fagforeiningar.
VG hoppar over årsaka til situasjonen som riksadvokaten skildrar; for dårleg bemanning. Politidirektøren vil ha 2,0 politiutdanna pr 1000 innbyggar innan 2020. No er det 1,68, ned frå 1,74 dei siste to åra. Politiutdanna har fire gonger meir overtid enn gjennomsnitt i staten. Går frivillig overtid ned går dette utover resultata.
Forstår ikkje VG at drifta av politiet ikkje kan baserast på mykje overtidsarbeid og store unntak frå arbeidsmiljølova?
Kvifor ikkje stilla spørsmål om sakshandsamingstid og oppklaringsprosent er gode måleparameter for politiet? Meir fokus på førebyggjande arbeid, problemorientert arbeid, kva som skal til for å få meir operativt politi og korleis ein skal verta betre til å ta bakmenn og ikkje dei "små fiskane" ville vore betre. Fokus på sakshandsamingstid og oppklaringsprosent verkar hemmande for å få eit godt politiprodukt.
Det viktigste for PF er kva som skapar best politi. Det er ein av grunnane til vårt sterke fokus på løns– og arbeidsvilkår, bemanning, kompetanseheving, status til yrket og gode leiarar. Dette er avgjerande faktorar for kvaliteten på politiproduktet.
Arne Johannessen
Forbundsleiar

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)









Tips en venn