Politidraumen brester
Du finner hele leserinnlegget nedenfor.
Eg er ein gut på 16 år, som hadde lyst til å bli politi. No veit eg liksom ikkje heilt lenger.
Eg veit at det er veldig mange der ute som vil bli politi, men mesteparten av dei legg planane sine om å bli politi på hylla. Veit du kvifor? For det fyrste så er det lønna i politiet som får ungdommen til å sjå andre vegar. Og for det andre er det måten politiet blir behandla på. Politiet har ikkje respekt blant folket lenger.
Tenk dykk sjølv korleis det hadde blitt om Noreg ikkje hadde hatt politi. Hadde det vore eit vakkert syn? Dersom ikkje me hadde hatt politi, hadde ikkje dei folkevalde sete så veldig lenge. Samfunnet hadde rast saman!
Løna til politiet burde vera mykje høgare enn den er i dag. Det må skje noko, og det no! Eg har funne ut at ein bibliotekar og ein feiar tener meir enn ein politimann. Ikkje frekt meint mot bibliotekaren eller feiaren, men nokon som stemplar bøker og feier piper skal tene meir enn ein mann eller kvinne som reddar menneske. Kva er logikken i det? Ein politimann har ein like viktig jobb som ein lege, begge partar reddar liv. Einaste forskjellen er at ein lege tener veldig mykje betre. Hadde eg vore den som bestemmer over løna og kapasiteten til politimenn og kvinner, hadde eg vore direkte flau.
Eg skjønar godt kvifor politimenn og –kvinner sluttar når dei blir behandla som drit av dei såkalla folkevalde. Eg støtter politiet sin sak. Eg snakka sjølv med ein politimann her om dagen, og han sa at kampen ikkje var over.
Tenk dersom kvar einaste politimann og –kvinne slutta fordi staten behandla dei som drit. Kva hadde dei gjort då? Gjer noko no, ikkje vent lenger, dei har pengar i sekk og spann, gjer noko!
Morten Habbestad (16)

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)










Tips en venn