Velkomen til politistudentane!
Hei!
Det er ei stor glede for meg som forbundsleiar i Politiets Fellesforbund å ynskja eit rekordstort kull til Politihøgaskulen i Oslo, Bodø og Kongsvinger velkomen.
For Politiets Fellesforbund (PF) er utdanning av fleire politifolk, ei av våre viktigaste saker. Difor jobbar me aktivt med å få politiske vedtak om å etablera ny Politihøgskule i Osloregionen og operativt treningssenter, for kapasiteten i dag er for liten.
Løns- og arbeidsvilkår er sjølvsagt det viktigaste å jobba med for ein fagforeining, og som sikkart alle har registrert i media er PF ein av dei mest aktive og profilerte fagforeiningar som står på for eigne medlemmar sine vilkår. Me har også fått positive resultat.
Men PF er også ein aktiv organisasjon for studentane, me har flinke tillitsvalte i studentlaget, og i lag med dei jobbar me med viktige studentsaker og ulike tilbod til studentane. Som forbundsleiar håpar eg sjølvsagt at du heilt frå studiestart vil melda deg inn i PF og ta del i fellesskapet, sjølvsagt håpar eg også at du vert ein aktiv deltakar i fagforeiningsarbeidet både som student, men ikkje minst når du er utdanna og får deg jobb i politiet.
Lukke til med studiet på Politihøgskulen og velkomen som medlem i Politiets Fellesforbund!
Beste helsing
Arne Johannessen
Forbundsleiar

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)










Tips en venn