Print logo
Du er her Forside // Media // Nyhetsarkiv // 2009 // Oktober // 

Usakleg angrep frå Dagbladet

Kommentator Halvor Elvik i Dagbladet hadde i forrige uke et svært krast angrep på Arne Johannessen, leder av Politiets Fellesforbund. Forbundslederen har skrevet et tilsvar som stod på trykk på lørdag.
Du finner hele tilsvaret nedenfor. Kommentarinnlegget til Elvik finner du under "Les mer" på høyre side.

Kommentator Halvor Elvik i Dagbladet har onsdag 30. september eit krast angrep på meg som forbundsleiar i Politiets Fellesforbund. Dette er det mest usakelege angrep eg har opplevd og eg lar det ikkje stå uimotsagt.


Eg tek det heile og fulle ansvar for framstillinga av 18 000 id-lause asylsøkjarar som kriminelle. Det var ingen bevisst løgn, men påstanden er feil og eg har beklaga det i media. Det er også feil at eg har skulda på ein av mine medarbeidarar for at saka kom ut som den gjorde. Eg understreka i mi samtale med journalisten at dei tala som vart presentert var mitt ansvar. At journalisten valde å presentera det annleis i avisa, beklagar eg sterkt både overfor saksbehandlaren på forbundskontoret og dei som meinar eg ikkje tek det ansvaret eg skal.

Det eg ville med saka i Dagbladet var å setta problemet med ID-lause asylsøkjarar på dagsorden. Frå politiet sin ståstad, er dette nemleg eit problem i samfunnet. Det er eit problem fordi politiet må bruka svært mykje ressursar for på eige hand finne ut den rette identiteten til dei id-lause. Og det er eit problem fordi dei vert ei gruppe i samfunnet ein ikkje har kontroll på. Det er også eit stort paradoks at ein kan aktivt kvitta seg med ID-papir og slipa vekk fingeravtrykka utan at det får konsekvensar. At Dagbladet både nektar å innsjå det og langt i frå vil diskutera negative sider av saka, overraskar oss ikkje.

Politiets Fellesforbund har ikkje noko parti-tilknytning eller bestemt politisk syn. Eg reagerar difor også sterkt på Elvik sin påstand om at eg "stilte politiforbundet bak et bestemt politisk syn i valgkampens hete". Eg ser han har fått med seg utanriksministar Gahr Støre sin kritikk av Politiets Fellesforbund i samband med saka, også den oppklarande og forsonande debatten mellom Støre og meg på NRK radio. Men kvifor har han ikkje fått med seg at Jan Bøhler og Rune Gerhardsen frå Arbeidarpartiet støtta Politiets Fellesforbund i at her må noko gjerast?

Elvik påstår at Politiets Fellesforbund i mi tid som leiar har gått for eit meir militarisert politi. Kor tek han det frå? Norsk politi er en av dei svært få politistyrkane i Europa som ikkje ber våpen i vanleg teneste. Me har stått for eit ubevæpna politi i heile mi tid som leiar. Samstundes er me ikkje naive. Kriminaliteten aukar og vert meir alvorleg. Difor har me bedt om, og fått, lagring av våpen i einskilde bilar. Det gjer våpna lettare tilgjengelege ved behov. Det er heilt nødvendig for tryggleiken både til samfunnet og politiet.

Politiets Fellesforbund har ein kriminalpolitikk med mange tema som spennar særs vidt. Me er opptekne av førebygging, betre rusomsorg og fokus på ettervern når folk har sona dommane sine. Me er opptekne at det skal vera nok politifolk til å løysa kritiske politioppdrag med minst mogleg bruk av makt og gje publikum den tryggleiken dei har krav på. Hadde Elvik tatt seg bryet med å lesa det kriminalpolitiske programmet vårt, ville han funne punkter som kunne kobla oss mot alle partia på Stortinget. Me samarbeidar med alle parti frå sak til sak. Neste gong Elvik har lyst  til å hudfletta meg og Politiets Fellesforbund på kommentatorplass, vil eg be om at han set seg inn i kva me står for.

Det eg likevel reagerar mest på, er at Elvik trekk i tvil kva for behandling han vil få av ein politimann som kjennar han att som kritikar av meg og Politiets Fellesforbund. Norsk politi har ein integritet som overgår dei fleste politifolk i verda. I undervisninga på Politihøgskolen er noko av det mest sentrale dei lærar at alle er like for lova. Uansett kven folk er og kva dei har gjort, har dei krav på respekt og likebehandling. Det er nettopp denne integriteten som gjer at norsk politi er ettertrakta til internasjonale oppdrag i heile verda. Men med den låge kunnskapen om Politiets Fellesforbund og norsk politi Elvik avslørar i sin kommentar, hadde me heller ikkje forventa at han skulle kjenne norsk politi sin popularitet i utlandet.


Arne Johannessen
Forbundsleiar

 

Del på Facebook

Tips en venn

Send!

LOGG INN PÅ MIN SIDE