Print logo
Du er her Forside // Media // Nyhetsarkiv // 2009 // November

Useriøs Ørsal Johansen

Stortingsrepresentant og medlem av Justiskomiteen, Morten Ørsal Johansen (Frp), mener politiets kamp for å få vedtatt Datalagringsdirektivet er useriøs og lite profesjonell. Arne Johannessen, leder av Politiets Fellesforbund, har skrevet et tilsvar som står på trykk i VG i dag.
i

Du finner tilsvaret nedenfor.

Stortingsrepresentant Morten Ørsal Johansen frå Fremskrittspartiet går fredag 13. november hardt ut mot meg og Politiets Fellesforbund i samband med diskusjonane om EU sitt datalagringsdirektiv. Han meinar eg er "useriøs og lite profesjonell" når eg nyttar ikkje-oppklarte barnepornosaker som døme på saker der politiet kunne ha kome lengre dersom datalagringsdirektivet hadde vore vedteke i Noreg.

Samfunnet stillar, og skal stilla, store krav til politiet om at dei skal levera i form av å avdekka sanninga om kriminelle handlingar. Fremskrittspartiet er eit parti som ikkje minst står bak denne haldninga. For Politiets Fellesforbund er det eit paradoks at partiet stillar krav, men ikkje er villige til å gje dei metodane som gjer det mogeleg å oppfylla krava.

Politiets Fellesforbund reagerar også på at Fremskrittspartiet aksepterar lagring for fakturering, men ikkje for å avdekka alvorleg kriminalitet.

Ørsal Johansen har heller ikkje forstått hovudpoenget i saka. Reglane for kven og når informasjon kan hentast ut skal vera dei same som i dag. Berre politiet skal kunna henta ut informasjon og reglane for når dei skal få innsyn vil vera like strenge som i dag. Det er også nøyaktig den same informasjonen som vert lagra i dag, som skal lagrast dersom datalagringsdirektivet vert vedteke. Den einaste skilnaden er at data skal lagrast over lengre tid.

Me har eit tips til den nye politikaren i justiskomiteen: han bør setta seg ned med fagfolk i politiet for å læra om det nye fagfeltet han skal arbeida med. Då vil ha også få vita kvifor politiet treng at trafikkdata vert lagra lenger enn i dag for å avdekka meir av sanninga i barnepornosaker. Me kan lova at det vil vera vel anvendt tid.

Arne Johannessen
Forbundsleiar

 

Del på:

Tips en venn