Ja til datalagringsdirektivet
Du finner hele leserinnlegget nedenfor.
Datalagringsdirektivet har vore ein mykje diskutert sak i media den siste tida. Å seia ja eller nei til datalagringsdirektivet inneber å gjera ei avveging mellom omsyna til personvernet og omsyna til politiet sitt behov for å etterforska kriminelle handlingar. Politiets Fellesforbund har gjort denne avveginga. Me vil innføra direktivet i Noreg.
Standpunktet vårt byggjer på at det vil hindra at Noreg vert ei frihamn for kriminelle. Det vil også styrka rettstryggleika fordi det vert lettare å prova ikkje berre kven som er skuldig, men også kven som er uskuldig. Dessutan vil det gjera politiet meir effektivt og meir i takt med kriminalitetsutviklinga.
Formålet med lagringa er å straffa kriminelle handlingar. Av det fylgjer at det berre er politiet som har rett til å henta ut informasjon frå "lageret". Om politiet ynskjer å henta ut data, er det Post- og teletilsynet eller retten som avgjer om kriteria for innsyn er til stades. Kriteria er blant anna at saka må dreia seg om straffbare høve. Kvart einaste spørsmål om innsyn vert vurdert på sjølvstendig grunnlag mot straffeprosesslova sine vilkår. Den einskilde si integritet og personvern vert satt opp mot samfunnet og politiet sitt behov for prov i straffesaker. Politiet kan altså ikkje berre henta ut det dei meinar dei har behov for til einkvar tid.
Datalagringa er viktig for politiet sitt arbeid. Innsyn i slike data har vore sentrale for å løysa fleire av dei mest omfattande kriminalsakene i Noreg: Baneheiasaka, NOKAS-saka, Orderud-saka og fleire mobile vinningskriminalitet-saker.
I høve til situasjonen i dag vil innføring av datalagringsdirektivet berre gjera ein skilnad: data vil verta lagra i lengre tid. Direktivet krev frå seks månader og inntil to år. Det er opp til Stortinget og bestemma det nøyaktige tidsrommet. Politiets Fellesforbund har sagt eit år.
For politiet er det faktisk slik at behovet for andre og ofte særs kostnadskrevjande metodar, vil verta mindre dersom data vert lagra over lengre tid. Hemmeleg ransaking, romavlytting og kommunikasjonskontroll er døme på metodar som kostar mykje. Det er og metodar som er eit større inngrep i folk sitt liv, enn å henta ut data om kven dei har vore i kontakt med på telefon.
Arne Johannessen
Forbundsleiar
emneord (tags):
datalagring, kriminalitetsbekjempelse, leserinnlegg, overordnet politikk, overvåking

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)









Tips en venn