Legg ned Politidirektoratet!
Du finner leserinnlegget nedenfor.
Kontroll- og rapporteringsregime. Mange tilsette, ikkje minst leiarar på ulike nivå, klagar no over eit fråverande politidirektorat i den offentlege debatten og i faglege spørsmål. Kanskje ein må starta med å sjå kva handlingsrom direktoratet har til fagleg styring. Eg har vore med sidan 2001.
I starten var det rom for Politidirektoratet til å drive sjølvstendig strategisk arbeid og analyse- og utviklingsarbeid. I dag er det meste overstyrt av politisk leiing. Justisministeren og riksadvokaten styrer og prioriterer ovanifrå. Ein ser at faglege spørsmål vert gjort til politiske saker, og Politidirektoratet vert som eit «velfungerande politisk sekretariat» for statsråden.
Politiske tilsetjingar
Til og med fordeling av stillingar, som er partane sitt ansvar etter hovudavtalen, vert bestemt politisk. Politidirektoratet sjølv detaljstyrar og overstyrar distrikta sin løns- og personalpolitikk. Stortinget kjem med detaljføringar og media har eit enormt fokus på einskildsaker som er med på å forma politikarane sine prioriteringar. Mange vil nok no hevda at eg har hoppa over ein fagorganisasjon som i mange høve jobbar politisk for å få spesielle vedtak og føringar, og det er rett. Detaljstyringa frå mange kantar gjer det svært vanskeleg å driva langsiktig og kunnskapsbasert leiing.
Faglege vurderingar
Skal ein jobba kunnskapsbasert, må det vera rom for faglege vurderingar som er ulike frå distrikt til distrikt. Til dømes er det ikkje sikkert at alle distrikt ville prioritera ein stilling som valdskoordinator. Kanskje ein kunne få minst like gode resultat på dette viktige område med større fagleg handlingsrom tilpassa lokale tilhøve. Det er heller ikkje sikkert at mange distrikt ville nytta så mykje ressursar på å ta horekundar. Det ligg ingen fagleg analyse til grunn for denne satsinga.
Politiets Fellesforbund har vore, og er framleis, tilhengar av eit sterkt fagleg Politidirektorat med ein klar og tydeleg rolle. Men i dagens situasjon er det grunn til å stilla spørsmål ved om ein treng direktoratet. Dersom ikkje Politidirektoratet får det handlingsrommet som skal til for å fylla intensjonane til eit direktorat, kan ein legga det ned. Ein kan like godt driva direkte politisk styring. Ein treng eit sterkare fokus frå Justisdepartementet, på dei store linjene og overordna tiltak i kriminalpolitikken.
Mykje lappverk
Ei heilskapleg satsing på politiet, påtalemakta, domstolane, kriminalomsorga og ikkje minst ettervernet, er heilt avgjerande for å møta framtidas kriminalitetsutfordringar. I dag er det altfor mykje lappverk og dårleg faktagrunnlag som er bakgrunnen for dei langsiktige prioriteringane. Justisministeren må stilla store og tøffe krav til ein politidirektør på åremål (med faste og forutsigbare periodar). Men då må også politidirektøren ha stort handlingsrom. Ho må kunna tilsetja alle leiarar på nivået under seg (politimeistarstillingar og tilsvarande), og ikkje minst få jobba langsiktig og strategisk utan stadig nye politiske styringssignal og rapporteringskrav.
Eit klarare skilje
Det betyr også at politidirektøren etter forhandlingar med organisasjonane i langt større grad må ha hand om omorganiseringar utan politisk innblanding. Ein framtidig god og tydeleg styringsstruktur av politiet krev også eit klart skilje mellom politi og påtalemakt, som ein har i Sverige. Politiet må investera mykje i å utvikla leiarane sine og bygga ein kultur som inviterer til debatt og systemkritikk. Dette må baserast på erfaringslæring frå gode og dårlege saker. Alt må i tillegg vera basert på kunnskapsbasert arbeid. Klarar ein å utvikla ein samhandlingskultur, med leiarar som har handlingsrom, kunnskap og tryggleik til å vera sjølvstendige gode leiarar, vil justisministeren nå alle dei kriminalpolitiske måla til Regjeringa.
Men det føreset at han held seg unna det faglege og detaljstyringa, men ser til at etaten får verktøyet, stillingane og økonomien som gjer det mogeleg å nå dei ambisiøse måla Regjeringa har sett. Først då kan politiet tilfredsstille samfunnet sine forventningar.
Arne Johannessen
Forbundsleiar

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)









Tips en venn