Print logo
Du er her Forside // Medlemmer // PF-studentene // Nyheter // 2010

Velkomen til politistudentane!

Det er ei stor glede for meg som forbundsleder i Politiets Fellesforbund å ynskja eit rekordstort kull til Politihøgskulen velkomen, sier Arne Johannessen i en hilsning til alle de nye politistudentene.
i

Hei!

Det er ei stor glede for meg som forbundsleiar i Politiets Fellesforbund å ynskja eit rekordstort kull til Politihøgskulen i Oslo, Bodø, Kongsvinger og Stavern velkomen.

For Politiets Fellesforbund (PF) er utdanning av fleire politifolk, ei av våre viktigaste saker. Me treng fleire politifolk for at etaten skal verta i stand til å handtera alle oppgåvene sine. Difor jobbar me aktivt med å løysa den vanskelege situasjonen med at dei nyutdanna ikkje får jobb i politiet.

Løns- og arbeidsvilkår er sjølvsagt det viktigaste å jobba med for ein fagforeining, og som sikkert alle har registrert i media er PF ein av dei mest aktive og profilerte fagforeiningar som står på for eigne medlemmar sine vilkår. Me har også fått positive resultat.

Men PF er også ein aktiv organisasjon for studentane. Me har flinke tillitsvalte i studentlaget, og i lag med dei jobbar me med viktige studentsaker og ulike tilbod til studentane. Politiets Fellesforbund og studentlaget vårt vil skapa møtepunkt der du allereie i starten på studieåret kan verta kjend me oss og det me kan tilby.

Som forbundsleiar håpar eg sjølvsagt at du heilt frå studiestart vil melda deg inn i PF og ta del i fellesskapet. Sjølvsagt håpar eg også at du vert ein aktiv deltakar i fagforeiningsarbeidet både som student, men ikkje minst når du er utdanna og får deg jobb i politiet.

Lukke til med studiet på Politihøgskulen og velkomen som medlem i Politiets Fellesforbund!


Beste helsing
Arne Johannessen
Forbundsleiar

Del på:

Tips en venn

LOGG INN PÅ MIN SIDE

Nyheter fra media