Politi og våpen en gang til
Debatten om politi og våpen går videre. Politiets Fellesforbund har kommentert et innlegg av Fredrik Heffermehl som har stått i mange aviser. Heffermehl mener at vold avler vold og at politiet ikke må bli en del av dette kappløpet.
Svaret fra Politiets Fellesforbund finner du her.
Politi i våpenkappløp
Fredrik S. Heffermehl skriv i avisene at eg ikkje har forstått at vald avlar vald når eg vil at politiet må få betre utstyr for å kjempe mot kriminelle av det kaliber me såg i Stavanger for snaue to veker sida.
Politiets Fellesforbund kan forsikre Heffermehl at me stadig drøftar dei tankane han gjer uttrykk for i sitt innlegg. Nettopp difor har me eit nyansert syn på væpning av norsk politi. For å klargjera vår haldning: Politiets Fellesforbund går ikkje inn for at norske politifolk skal bera våpen i det daglege arbeidet.
Den norske politirolla har tradisjonelt vore prega av ein mjuk stil, der politiet prøvar å løyse konfliktar ved å bruke minst mogleg fysisk makt. Me ynskjer å utvikla den rolla vidare. Det aller viktigaste for å lukkast med ei slik utvikling er at det heile tida er tilstrekkeleg med politifolk til stades der folk bur, ute i distrikta eller i byane. Då kan dei ansvarlege heile tida sende ut nok folk for å løyse dei ulike oppdraga.
Politiet veit godt at dersom dei går inn i ein situasjon med færre personar enn det situasjonen krev, aukar fara for bruk av fysisk makt og fara for skade på både kriminelle og politifolk. Nok politifolk på jobb gjer det også mogleg, i mykje større grad enn i dag, å skreddersy grupper ut i frå kva slags type oppdrag det er snakk om.
Problemet er at det kostar pengar å ha nok politifolk til stades heile tida.
Samstundes som me ynskjer å vidareutvikla den mjuke politirolla, er me ikkje blinde for realitetane. Kriminaliteten har vorte tøffare dei siste åra. Det må difor også vera spesialgrupper i politiet som kan takla slike situasjonar som me såg i Stavanger. Men dei må vera trena for det og dei må vera utstyrt for å takla det. Og til Heffermehls si orientering definerer Politiets Fellesforbund utstyr som langt meir enn våpen. Me snakkar blant anna om skotsikkert glas i bilar, lettpansra køyretøy og godt nok personleg verneutstyr. Me snakkar også om at politiet må kunne bruka metodar som gjer det mogleg å avsløra dei kriminelle allereie i planlegginga. Til sist snakkar me om lettare tilgang på gode nok våpen.
Me er einige med Heffermehl i at vald avlar vald. Men politiet er den yrkesgruppa i samfunnet som skal skape tryggleik for alle. Me kan ikkje sette oss sjølve heilt på sidelinja og la denne typen kriminelle herje fritt. Og då må vi i det minste kunne ta vare på eigen tryggleik.
Arne Johannessen
forbundsleiar

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)

Tips en venn