Print logo
Du er her Forside // Arbeidsområder // Kriminalpolitikk og ressurs // Terror // 2011

Aldri meir 22. juli

Terroranslag er så øydeleggjande for eit samfunn at det viktigaste spørsmålet er: Korleis kan me forhindra at det skjer, spør Arne Johannessen, leder av Politiets Fellesforbund, i et leserinnlegg i Aftenposten torsdag.

Du finner hele leserinnlegget nedenfor.

I tida etter fredag 22. juli er det mange som har vore klare på kva som gjekk galt i timane etter at bomba gjekk av i Oslo sentrum og katastrofen på Utøya var eit faktum. Utallige artiklar har vore skrive om kva skilnad politihelikopteret ville ha gjort, at me må samla oversikten over alle ressursane i eit tryggleiksdepartement og ikkje minst kva gjorde Delta-styrken i ein gummibåt som til og med fekk motorstopp?

Terroranslag er så øydeleggjande for eit samfunn at det viktigaste spørsmålet er: korleis kan me forhindra at det skjer? Kva slags politi må samfunnet ha for at me aldri skal få 22. juli på nytt?

Forbundsleiar Arne Johannessen sa følgjande til Dagsavisa for nokre veker sidan: «Å bry seg om kva naboen gjer og ha låg terskel for å melda frå til politiet om mistenkeleg aktivitet, kan førebyggja terroranslag frå einsame ulvar.»

Politiets Fellesforbund er redd for at me har ei utvikling der politiet i første omgang fjernar seg frå folk. I neste omgang fjernar publikum seg frå politiet, som vert oppfatta som for travle og utilnærmelige til å vera opptekne «av småting på lokalt nivå».

Ei slik utvikling er katastrofal for politiet og den hovudoppgåva etaten har: skapa eit trygt samfunn for alle. Tryggleik vert skapt gjennom at politiet, saman med andre etatar, institusjonar osv, førebyggjar at kriminalitet skjer. Og at dei handterar folk sine små og store bekymringar, også det som ikkje er kriminalitet.

Men kva er så årsaka til at avstanden mellom publikum og politiet aukar? Ein årsak er at det i dag er færre politifolk, men fleire folk. Innbyggjartalet i Noreg har auka mykje dei siste åra, mens tal politifolk ikkje har auka i same takt. Samstundes ver politiet sitt arbeid målt ut frå sakshandsamingstid og oppklaringsprosent. Desse målefaktorane bidreg ikkje til at politiet i det daglege arbeidet prioriterar førebygging. Ein tredje faktor som kjem inn no er eit press i retning av sentralisering. Mange vil ha færre, men større, politidistrikt. Det gir eit politi på hjul i frå oppdrag til oppdrag, med mindre tid til dialog.

Etter NOKAS-saka vart det eit veldig sterkt fokus på beredskap. Då skulle alle politidistrikta få pansra kjøretøy på grunn av det tragiske utfallet i saka. Har norsk politi vore eit betre politi etter at dei fekk slike bilar?

I staden for berre å tenka beredskap, må me no bruka tid på å granska korleis det var mogeleg at ein person kunne gjennomføra ei slik ekstrem handling utan at han vart oppdaga på førehand. Det vil kunne gje noko av svara på kva som skal til for å førebyggja terror. Me vert ikkje overraska om helikopter, bilar og båtar ikkje kjem øvst på lista, sjølv om også det er viktig.


Arne Johannessen
Forbundsleiar


emneord (tags):


leserinnlegg, terror
Del på:

Tips en venn