La dei få høyra det
Det er ingen grunn til å venta enno fleire år på ei styrking av politiberedskapen, og det er ingen grunn til ikkje å påpeika behovet overfor dei som bestemmer, skriver lokalavisen Ryfylke på lederplass fredag.
Du finner hele lederen nedenfor.
Det vart tent opp eld ved Brakamoen barnehage. Politiet hadde ikkje ressursar til å koma før dagen etter. Nok eit eksempel på at lovas handhevarar ikkje alltid er der når det behov for deira tenester. Ein kjent situasjon, spesielt i vår region. Seinast på møte her i Sauda i denne veka stadfesta leiar i Politiets Fellesforbund, Arne Johannessen, at Haugaland og Sunnhordland politidistrikt har ei politidekking som er mellom det dårlegaste i landet.
Kva kan gjerast, og kven kan gjera noko med denne situasjonen? Stortinget og regjeringa har ansvaret for å tildela ressursar til politiet og for utdanninga av politibetjentar. Den sittande regjeringa har eit mål om ei politidekking to politikonstablar per 1 000 innbyggarar innan 2020. Eit løfte som, når det vert innfridd, nær vil dobla talet på betjentar i vårt distrikt. Men, det kviler eit stort ansvar på politikarane både i Sauda og dei andre kommunane i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. Ordførarane og alle dei andre folkevalde må til eikvar tid minna «sine» stortingsrepresentantar og toppleiarane i sine respektive parti om behovet for meir ressursar til politiet generelt og til vårt distrikt spesielt. Ja, stortinget og partileiarane er under eit stadig press frå lobbyistar som ønsker meir pengar til si sak. Aldri får alle nok. Men i dette tilfellet bør lokalpolitikarane verkeleg pressa på. Det er ingen grunn til å venta enno fleire år på ei styrking av politiberedskapen, og det er ingen grunn til ikkje å påpeika behovet overfor dei som bestemmer.
Men, det skal heller ikkje skapast eit bilete av at innbyggarane i distriktet bør føla seg utrygge. Me lever, heldigvis, i eit trygt og godt land og me har eit politi som gjer eit utmerka arbeid. Dei må berre få fleire kollegaer og meir ressursar.

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)










Tips en venn