Aldri meir 22. juli
I tida etter fredag 22. juli er det mange som har vore klare på kva som gjekk galt i timane etter at bomba gjekk av i Oslo sentrum og katastrofen på Utøya var eit faktum.
Utallige artiklar har vore skrive om kva skilnad politihelikopteret ville ha gjort, at me må samla oversikten over alle ressursane i eit tryggleiksdepartement og ikkje minst kva gjorde Delta-styrken i ein gummibåt som til og med fekk motorstopp?
Det er rett å stilla alle desse spørsmåla og dei må vera med i både politiet si eiga evaluering og i evalueringa til 22. juli-kommisjonen. Men Politiets Fellesforbund meiner det er for enkelt å berre fokusera på slike faktorar. Med ein slik tankegang, vert det i for stor grad fokus på eit reaktivt politi som handterar situasjonar etter at dei har oppstått. Terroranslag er så øydeleggjande for eit samfunn at det viktigaste spørsmålet er: korleis kan me forhindra at det skjer? Kva slags politi må samfunnet ha for at me aldri skal få 22. juli på nytt?
Forbundsleiar Arne Johannessen sa følgjande til Dagsavisa førre veke: «Å bry seg om kva naboen gjer og ha låg terskel for å melda frå til politiet om mistenkeleg aktivitet, kan førebyggja terroranslag frå einsame ulvar.»
Det tok ikkje lang tid før naboane til garden på Rena der gjerningsmannen laga bomba vart intervjua på TV. Det kom fram at fleire av dei hadde reagert på einskilde ting med han og måten han opptredde på. Ein hadde faktisk tenkt at det var rart med all kunstgjødsla han hadde kjøpt inn. Men ingen gjekk til politiet med undringa si. Kvifor ikkje? Er terskelen for å ta kontakt med politiet vorte for høg?
Men heller ikkje politiet sjølv oppdaga noko. Det tok ikkje lang tid før media rapporterte at han som eide garden, var knytta til kriminell verksemd og faktisk satt i fengsel for dyrking av hasj på garden.
I ein intern diskusjon om saka i Politiets Fellesforbund, spekulerte fleire hos oss på om gjerningsmannen ville ha vore avslørt for 10-15 år sida, fordi politiet jobba på ein annan måte då enn i dag. Ein erfaren politimann skildra arbeidskvardagen den gongen på denne måten: «I dag sitter politiet i bil og kjører fra oppdrag til oppdrag. Den gangen hadde vi ikke så dårlig tid. Vi var mer ute i lokalmiljøet og fikk tettere kontakt med folk. Vi ville raskt fått vite at det var kommet en ny innbygger i bygda. Vi hadde også lokalkunnskap, slik at vi ville vært klar over at gården var knyttet til kriminell virksomhet. Disse to faktorene ville vært nok til at vi i en ledig stund hadde kjørt innom og hilst på. Hadde vi sett kunstgjødselen, ville vi reagert».
Politiets Fellesforbund er redd for at me har ei utvikling der politiet i første omgang fjernar seg frå folk. I neste omgang fjernar publikum seg frå politiet, som vert oppfatta som for travle og utilnærmelige til å vera opptekne «av småting på lokalt nivå».
Det er mange faktorar som provar at avstanden vert større enn tidlegare. Folk får ikkje hjelp til dømes i innbrotssituasjonar, dei kjem ikkje gjennom på telefon, mange stader er det berre unntaksvis at ein treffer politifolk ute i gatene.
Ei slik utvikling er katastrofal for politiet og den hovudoppgåva etaten har: skapa eit trygt samfunn for alle. Tryggleik vert skapt gjennom at politiet, saman med andre etatar, institusjonar osv, førebyggjar at kriminalitet skjer. Og at dei handterar folk sine små og store bekymringar, også det som ikkje er kriminalitet.
For at politiet skal lukkast med dette må dei vera til stades der folk bur og oppheld seg, i by og bygd. Då vert avstandane i alle retningar korte. Om politiet i tillegg jobbar på ein måte som gjer at dei får tillit frå publikum og lett byggjar relasjonar, vil dei i avgjerande stunder få dei siste manglande bitane til det puslespelet alle saker er. For det held ikkje at politiet heile tida hentar kunnskap frå eigne system og register, og analyserar terrortruslar og andre truslar på samfunnsnivå. Ein kvar sak har eit lokalt nivå med lokal informasjon. Politiet får aldri sjå heile biletet om det ikkje vert fylt inn med lokal kunnskap.
Men kva er så årsaka til at avstanden mellom publikum og politiet aukar? Ein årsak er at det i dag er færre politifolk, men fleire folk. Innbyggjartalet i Noreg har auka mykje dei siste åra, mens tal politifolk ikkje har auka i same takt. Me er langt frå å nå målet om to politifolk per 1000 innbyggjar innan 2020. Då er det sikkert sjølvsagt for mange at det er vanskelegare å treffa på ein politibetjent i nærmiljøet, uansett om det er i by eller bygd.
Politiet sitt arbeid vert målt ut frå sakshandsamingstid og oppklaringsprosent. Desse målefaktorane bidreg ikkje til at politiet i det daglege arbeidet prioriterar førebygging. Å besøka skular, å vera til stades i ungdomsmiljø og å patruljera på kjøpesenteret gir ikkje positive utslag på statistikkane. I staden hindrar det «målstyringstyranniet» me har i dag denne måten å arbeida på. Samspill med samfunnet rundt og møter med befolkninga burde vert lønna gjennom målesystemet. Politiets Fellesforbund har i fleire år peika på at politiet treng å få på banen andre og nye faktorar som seier noko om politiet jobbar godt eller ikkje.
Ein tredje faktor som kjem inn no er eit press i retning av sentralisering. Mange vil ha færre, men større, politidistrikt. Mange lensmannskontor vert tappa for ressursar. Me ser stadig større vaktregionar. Det gir eit politi på hjul i frå oppdrag til oppdrag, med mindre tid til dialog. Det vil garantert ikkje minska avstanden mellom politi og publikum.
Etter NOKAS-saka vart det eit veldig sterkt fokus på beredskap. Då skulle alle politidistrikta få pansra kjøretøy på grunn av det tragiske utfallet i saka. Har norsk politi vore eit betre politi etter at dei fekk slike bilar? Har bilane bidrege til at politiet har hindra mykje kriminalitet? Er det andre grep som hadde vore viktigare å ta?
Politiets Fellesforbund har sett ned ei eiga arbeidsgruppe i samband med terrorangrepa. Gruppa skal koma med innspel til kommisjonen og den kriminalpolitiske debatten. Også for vårt eiga arbeid vert det særs viktig å tenka ut frå hovudspørsmåla: korleis kan me forhindra at det skjer? Kva slags politi må samfunnet ha for at me aldri skal få 22. juli på nytt?
I staden for berre å tenka beredskap, må me no bruka tid på å granska korleis det var mogeleg at ein person kunne gjennomføra ei slik ekstrem handling utan at han vart oppdaga på førehand. Det vil kunne gje noko av svara på kva som skal til for å førebyggja terror. Me vert ikkje overraska om helikopter, bilar og båtar ikkje kjem øvst på lista, sjølv om også det er viktig.
Arne Johannessen
Forbundsleiar

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)










Tips en venn