Print logo
Du er her Forside // Media // Nyhetsarkiv // 2004 // Juni

Tilsvar til Alf Bjercke

Alf R. Bjercke har skrevet leserinnlegg i flere aviser der han blant annet er sterkt kritisk til at Politiets Fellesforbund alltid etterlyser mer penger til politiet. Tilsvaret finner du her. Det har stått i Aftenposten, og en forkortet versjon står i Dagsavisen i dag.


Bjercke må akseptera fakta


Alf R. Bjercke etterlysar i eit lesarinnlegg i fleire aviser svar frå meg på ein del tidlegare stilte spørsmål om prioriteringa i politiet. Svar skal han få.

Bjercke påpeikar at Politiets Fellesforbund, uavhengig av sak, alltid klarar å få med "de manglende ressursene etaten strir med". Til tross for at politi- og lensmannsetaten har fått meir pengar, vert det ikkje fleir politifolk i gatene, hevdar han.

Poenget er at Bjercke etterlysar "rene fakta", men ikkje vil akseptera dei han får. Det er faktisk slik at samstundes som etaten har fått meir pengar, har oppgåvane blitt fleire og vanskelegare. Det inneber at politiet i dag har mindre pengar per oppgåve enn tidlegare. Den sanninga kjem me til å halda fram med å påpeike.

Politimeister i Hordaland, Vidar Refvik, seiar til dømes i siste nummer av Politiforum at det "i 1960 ble registrert vel 39 000 forbrytelser, hvorav ca 10 drap. Politiet hadde ca 4 500 ansatte, noe som gav i underkant av 8 forbrytelser per ansatt. I 2000 var antallet forbrytelser opp i 320 000, og det var i underkant av 12 000 ansatte i politiet. Det gir ca 26 forbrytelser per ansatt." I ei oppgåve frå Høgskolen i Nord-Trøndelag skriv politioverbetjentane Bakken og Larne at: "Det har vært en betydelig økning i ressursene til politiet fra 1991 til 2002. Undersøkelsen viser imidlertid at omfanget av oppgavene har hatt en enda større økning. Det vil si at det har vært en nedgang i ressursene til politiet sett i forhold til oppgavene." (Bakken og Larne, 2003).

Bjercke trur visst at Politiets Fellesforbund sitt arbeid har gjort at pengar løyva til meir synleg politi i staden har vorte brukt til "velferdstiltak og dyre særordninger" for medlemmar av forbundet. Bakgrunnen for påstanden, er saka der politidirektøren ville ta i frå politimeistrane i Oslo og Asker og Bærum forhandlingsretten deira. Killengreen meinte dei hadde gitt for store grupper av tilsette høgare løn på feil grunnlag. Det var altså ikkje "velferdstiltak og dyre særordningar" det var snakk om Bjercke, men ganske enkelt meir løn.

Som fagforeining kjempar me sjølvsagt for høgare løn til våre medlemmar. Og me meinar at me har gode grunnar til det. Grunnløna til ein nyutdanna politimann er ca 252 000 kronar per år. Med tre års høgskuleutdanning og ein jobb der han/ho må ordna opp i situasjonar andre trekk seg unna, er ikkje politiet blant dei overbetalte gruppene i samfunnet.

Løn er også eit personalpolitisk verkemiddel. Folk blir motiverte av å få høgare løn. Godt motiverte medarbeidarar skapar dei resultata arbeidsgjevar vil ha. Det er desse samanhengane politimeistrane i Oslo og Asker og Bærum har forstått. Desse to politidistrikta har oppnådd særs gode resultat på det politifaglege arbeidet dei gjer. Hadde dette vore handtert så dårleg som politidirektøren hevda, hadde ho nok fått medhald i å fjerna forhandlingsretten. Det fekk ho ikkje.

Me håpar Bjercke har forstått at ting heng saman. For at han skal møta politifolk på gata, som også Politiets Fellesforbund ynskjer at han skal, må samfunnet ha nok politifolk. Dermed trengs det pengar. Samstundes har det vorte meir og tøffare kriminalitet. Kriminaliteten er også meir samansatt og komplisert i dag enn tidlegare. Dermed vert etterforskinga vanskelegare, tar meir tid og krev meir pengar. Det er ein grunn til at me snakkar om meir ressursar til etaten.

Når det gjeld dei spørsmåla Bjercke har til kor mykje konkrete politi-oppgåver kostar, må andre svara på det.

Eg takkar til slutt for den store tilliten du har til meg som fagforeiningsleiar. Men eg kan forsikra deg, og alle andre om, at eg – diverre - ikkje har så stor makt over stortingspolitikarane og politifolk som du tillegg meg i innlegget ditt.

Arne Johannessen
forbundsleiar

emneord (tags):


leserinnlegg

LOGG INN PÅ MIN SIDE