Kva er eigentleg budsjettveksten?
«Politiet er budsjettvinnaren» var overskriftene når statsbudsjettet vart lagt fram 6. oktober. Veksten var på heile 2,2 milliardar. Kva er eigentleg ein vekst? For dei fleste vil vekst bety ein varig endring og auka handlingsrom. I den politiske retorikken, omtalar ein også eingongsinvesteringar i utstyr som budsjettvekst.
I den politiske retorikken, omtalar ein også eingongsinvesteringar i utstyr som budsjettvekst.
Dersom me tek ut 1,5 milliardar i investering til nødnett, 80 millionar til IKT og 164 millionar som er knytt direkte til 22. juli-tragedien, set ein med ein vekst på cirka 550 millionar kroner.
Dei 550 millionane skal dekka den generelle løns- og prisveksten, nye stillingar, auka straffesaksutgifter, auka driftsutgifter til nødnett, investeringar i bilar, med meir.
Kven trur framleis at det vert auka handlingsrom = meir pengar til driftsmiddlar i politidistrikta?
Det er publikum som tapar på at politidistrikta får mindre handlingsrom. Politidekninga går ned i nesten alle politidistrikt. Endeleg er også Politidirektoratet ute å stadfestar det PF har dokumentert over lang tid, nemleg at politidekninga per 1000 innbyggarar går nedover.
Bergens Tidende kunne 7. oktober referera til POD som opplyste at no er gjennomsnittleg politidekning 1,48 politi per 1000 innbyggarar. Sunnmøre, som har dårlegast dekning, er no nede på kun 0,98. Dette er alvorleg.
Denne utviklinga stadfestar det PF har fortalt politikarane over tid.
Den samla veksten på heile justisdepartementet sitt ansvarsområde er 10,2 prosent, og det er sjølvsagt svært bra. Det er ingen andre statsrådar som kan visa til betre «vekst». Nærast ligg samferdsel med 8 prosent.
Det mest interessante å vita er ikkje veksten, men kva nivå me ligg på samanlikna med andre. Brukar Noreg mykje pengar på politi og rettsvesen?
Av totalen på Statsbudsjettet går det kun 2,7 prosent til justissektoren. Til samanlikning brukar ein 3,7 prosent av totalen på Forsvaret og 12,8 prosent til helse- og omsorgsdepartement.
Det vart forsøkt gjort eit poeng av at PF hadde bedt om ein vekst på 1,3 milliard, men at Regjeringa «gav 2,2 milliard i vekst». Denne framstillinga er useriøs og berre nytta til å forvirra. PF ba om 430 millionar for å finansiera utgiftene til IKT-satsinga i 2012, 300 millionar for å få alle utdanna politifolk i arbeid (både etterslepa frå tidlegare kull og 2012 kullet) og ikkje minst auka handlingsrommet på driftsbudsjettet med 500 millionar (for å styrka drifta, dekka auka tolkekostnadar, bilkjøp med meir).
Dei gode tinga som Regjeringa legg inn er viktige og nødvendige investeringar, og delvis som Stortinget har vedteke før, som 1,5 milliardar til nødnett. PF vil takka både Justisministaren og alle hans gode hjelparar, ikkje minst Terje Moland Pedersen, for godt arbeid med budsjettet. Det er viktig å få på plass nødnett, styrka helikoptertenesta, styrke PST og Beredskapstroppen og ikkje minst få pengar til ein del av dei nyutdanna og delar av IKT-investeringane.
Framstillinga av budsjettet er også «god retorikk». Eg har aldri sett at Forsvaret eller andre områder med store investeringar, vert utropt som budsjettvinnarar når budsjettet vert auka med eingongs summar til investeringar.
Det ville ha vorte ein god prosentvis vekst til forsvaret om Forsvarsministaren framstilte sine investeringar til nye jagarfly på same måten som justisministaren framstillar investeringar i nødnett, eingongspengar knytta til tragedien 22. juli, IKT- og helikopter investeringar.
Denne type investeringar styrkar ikkje handlingsrommet til politileiarane ute i landet eller i særorgana. Men måten årets statsbudsjett er presentert på, forsterkar behovet for å skilje investeringar og drift.
Politiet må få eige investeringsbudsjett. Det er truleg kun forsvaret som er dyrare å drifta enn politiet når det gjeld utstyr. Når det vert utdanna fleire politifolk (som truleg snart kjem i arbeid), treng ein investeringar i fleire (og nyare) bilar, IKT-utstyr, personleg verneutstyr og våpen.
Justisministaren får ros av PF for alt han «leverar», men me forventar at ein justisministar og alle hans gode kvinner og menn i justisdepartementet, tek inn over seg fakta angåande situasjonen i politiet.
Me forventar også at han innrømmer at 2012 ikkje gjev betre handlingsrom for politidistrikta. Politisk leiing må erkjenna at politidekninga i Noreg no er på eit historisk lågt nivå. 1,48 per 1000 er svært langt unna målet på 2,0. Dekninga har gått ned frå 1,8 til 1,48 på cirka 3 år.
Men kanskje lika alvorleg er det at denne låge bemanninga no går sterkt utover tida til å driva kompetanseutvikling, nødvendig vedlikehaldstrening og erfaringslæring, og ikkje minst vert det førebyggjande salderingspost.
Hasteoppdraga og dei høgaste prioriterte sakene tek også det meste av etterforskingskapasiteten.
Arne Johannessen
Forbundsleiar

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)










Tips en venn