Print logo
Du er her Forside // Arbeidsområder // Kriminalpolitikk og ressurs // 

Velkomen tilbake, Grete Faremo

Eit politi i krise? Kan ein stola på politiet? Politiet har fri når kriminaliteten skjer? Dette har vore litt av mediafokuset den siste tida. Kraftfulle (men ikkje alltid lika innsiktsfulle) leiarartiklar og kommentarar i store aviser.

Det har vore ein svært kritisk og negativ vinkling i mange av desse artiklane. Ein kan ofte lura på om dette avspeglar publikum sitt syn, eller om det er medieskapt. Dessverre er det også publikumsundersøkingar som syner at mange ikkje er fornøygde med kva politiet leverar. Det må alle ta på alvor.

Kva seier dei tilsette og mange leiarar i politiet? Dei er svært kritiske til IKT-situasjonen og manglande politisk vilje til å satsa på IKT. Politibemanninga går ned. Mange små driftseiningar har ein dramatisk nedgang i talet på politiutdanna, fleire politidistrikt har rundt ein politi per 1000 innbyggarar. For lite tid til kunnskapsløft og erfaringslæring. Alt for mange oppdrag og saker vert ikkje prioritert. Det er stor spenning i høve til resultatreforma, og ein forventning om at dei mange tilfeldige omorganiseringane vert stoppa i påventa av resultatreforma.

Frustrasjon over mange usaklege angrep på særaldersgrensa (kva med dei mange andre yrkesgrupper som har særaldersgrenser?).

Forventningar om ein skikkeleg satsing på leiarane i politiet. Forventningar til reforhandling av ATB-avtalen i 2012.

Utfordringane var store sist du var justisministar, Grete Faremo, men dei er betydeleg større i dag. Forventningane til deg er store, særleg hos dei av oss som hugsar deg som ein uredd, tydeleg og involverande justisministar tidleg på 90-talet. Og ikkje minst god på rolledelinga mellom politikk og fag. Me treng no ein justisministar som stiller tydelege krav og forventningar til POD og politimeistarane, men som også let dei få vera fagansvarlege utan detaljstyring. POD må få større ansvar, men då må dei ta større ansvar, også i media og som ein tydleg fagleg premissleverandør.

PF håpar at vår nye justisministar vil vera meir oppteken av å løysa framtida sine utfordringar enn å repetera alt det gode denne regjeringa har levert. Ingen kan leva på gamle laurbær, og særleg ikkje på andre sine laurbær. Politi 2020 med målet om to politi per 1000 innbyggarar, cirka 540 nye sivile stillingar og sterk satsing på kompetanse, er det aller viktigaste fokuset framover.

Men utan friske pengar som fullfinansierar IKT-satsinga, vil framleis Politihøgskulen utdanna mange til arbeidsløyse.

Det er ingen skam å snu og stoppa overføringa av førstelinje utlending frå politiet til UDI. Knut Storberget var tydleg på at reforma skulle styrka politiet, når det no truleg syner seg at det motsette vil skje, må ein ta til fornuft.

Landsmøtet i PF fatta mange viktige vedtak som vil krevja mykje av oss, blant anna eit krav om ein del endringar i våpeninstruksen. Det vert viktig å få ein politisk avklaring om viljen til endringar. Debatten om permanent bevæpning vart utsett til neste landsmøte. Tida må nyttast til god forankring og lokale debattar ut frå bevæpningsutvalet sin gode rapport. Eg håpar på stort engasjement rundt saka.

Landsmøtet var tydeleg på at løns- og arbeidsvilkår er hovudsatsingsområde i 2012, det passar bra med fokuset på hovudtariffoppgjeret, ATBforhandlingane og fleire særavtalar som skal reforhandlast. Ressursar/kriminalpolitikk og leiarrolla skal også vera fokusområder.

Velkomen tilbake, Grete Faremo. PF ser fram til eit godt og utfordrande samarbeid om alle dei sakene som må finna sin løysing.

Eg vil nytta høve til å ynskja alle lesarane av Politiforum GOD JUL og takk for fylgje i 2011.


Arne Johannessen
Forbundsleiar

Del på:

Tips en venn

LOGG INN PÅ MIN SIDE