Guttormsen som varslar
Bergens Tidende har dei siste dagane skrive mykje om det dei kallar Guttormsen-saka. Saka har ikkje vore presentert for oss som ein varslar-sak, og me har no behov for å få fram synet vårt, skriv Arne Johannessen, leiar av Politiets Fellesforbund, i eit lesarinnlegg i Bergens Tidende lørdag.
Du finn heile lesarinnlegget nedanfor.
Bergens Tidende har dei siste dagane skrive mykje om det dei kallar Guttormsen-saka.
Politiets Fellesforbund har, i samband med avisa si omtale av saka, fått kritikk fordi fagforeininga har sagt nei til å støtta Guttormsen økonomisk. Avisa brukar tittelen «Varsler får ikkje bistand». Saka har ikkje vore presentert for oss som ein varslar-sak, og me har no behov for å få fram synet vårt.
For fagforeininga har saka to sider. Den fyrste dreiar seg om at Guttormsen sa nei til å bruka politifolk til militære oppdrag i Afghanistan, då han var sjef for ei gruppe norske politifolk der. Dette var ei varsling. Slik me ser det, kan den brukast som eit godt døme på korleis slike tilfelle skal handsamast. Guttormsen varsla, synspunktet han kom med vart tatt til etterretning og resultatet vart slik han ville. I tillegg fekk han ros for at han varsla.
Den andre delen handlar om at Guttormsen, når han kjem heim frå Afghanistan, snakkar om saka i media, vert meldt til Spesialeininga for politisaker av politimeisteren og også undervegs mistar sikkerheitsklareringa si.
I fyrste omgang kom Politiets Fellesforbund i kontakt med saka fordi Guttormsen søkte om økonomisk støtte til juridisk bistand frå fagforeininga, fordi han vart meldt til Spesialeininga for brot på teieplikta. Guttormsen fekk økonomisk støtte, fordi søknaden tilfredsstilte dei vilkåra som Politiets Fellesforbund har til slik støtte.
Spesialeininga konkluderte deretter med at Guttormsen ikkje hadde gjort noko gale.
Politiets Fellesforbund kom på nytt inn i saka, då me mottok ein ny søknad om økonomisk støtte frå Guttormsen. Denne gongen bad han om økonomisk støtte fordi han ville nytta advokat for å få att sikkerheitsklareringa.
Søknaden vart handsama etter dei retningslinene me har og i tråd med tidlegare praksis. Den vart avslått. Avslaget vart klaga inn til forbundsstyret, som handsama den i samsvar med retningslinene for slike klagar. Eit samrøystes styre oppretthaldt avslaget. Hovudårsaka til det er at sikkerheitsklareringar er det arbeidsgjevar som einsidig avgjer.
Saka har i Bergens Tidende, som nemnt, vore framstilt som ei varslingssak. Politiets Fellesforbund understrekar at i dei dokumenta som me har fått frå Guttormsen sjølv og advokaten hans, har ordet varsling ikkje vore brukt.
I vanleg sakshandsaming er det slik at om det kjem nye moment inn i ei sak, kan den takast opp på nytt. Slik er det sjølvsagt med denne saka og. Kjem det nye moment, vil Politiets Fellesforbund vera open for å vurdera ei ny gjennomgang.
Arne Johannessen
Forbundsleiar

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)










Tips en venn