Nei til nytt ordenspoliti
Tingrettsdommer Tor Langbach skrev for kort tid siden et innlegg i Aftenposten der han kom med forslag om at det skulle opprettes et nytt ordenspoliti. Dette politiet skulle kun "holde orden på fulle folk" ute i gatene. Dermed trengte de heller ikke ha lang utdannelse fra politihøgskolen.
Politiets Fellesforbund reagerte såpass kraftig på innlegget, at vi skrev et tilsvar til Aftenposten. Tilsvaret stod i Aftenposten i dag og du kan lese det nedenfor.
Ordensteneste er krevjande Langbach
Tingrettsdommer Tor Langbach skriv i Aftenposten 11. januar at "det er ikke lett å forstå at det kreves omfattende utdannelse for å holde orden på fulle folk." Han meinar me bør få eit ordenspoliti, som ikkje er så godt utdanna som politifolk frå Politihøgskolen, til å ta vare på tryggleiken ute i gata. Så kan dei høgskoleutdanna politifolka driva med etterforsking og andre vanskelege politioppgåver.
Me er opptekne av at me skal få ein debatt omkring politirolla og kva oppgåver politiet skal ha. Arrestforvarar og grensekontrollørar er grupper som har tatt over oppgåver som politiet tidlegare tok seg av. Det me er kritiske til, er at det er ordenstenesta ein skal flytta ut. Ordenstenesta er basisen i politirolla. Det er ein vanskeleg teneste, som krev kompetanse på mange områder – til dømes politifag, taktikk, psykologi, kommunikasjon og etikk. Konflikthandtering med dagens trusselbilde er krevjande Langbach – det veit du frå din dommargjerning.
Dessutan er det der politiet møter publikum, og legg grunnlaget for at me er den yrkesgruppa med høgast tillit i samfunnet. Det er og slik at ordensteneste og etterforsking heng saman. Kunnskap frå ordenstenesta førar til resultat i etterforskinga. Eit eige ordenspoliti vil øydeleggja denne kunnskapsoverføringa.
Ei anna side ved diskusjonen er at politifolk frå Politihøgskolen er trent i å handtera sin eigen tryggleik som ein del av jobben. Kriminalitetsutviklinga i samfunnet er slik at det som kan virka som ein uskuldig situasjon, kan verta det stikk motsette. Skal samfunnet ta ansvar for å sleppa meir eller mindre dårleg forberedte folk ut for å takla det som kan bli farlege situasjonar? Politifolk vert i stadig større grad utsette for vald og truslar. Ei undersøking Rogalandsforskning gjorde i 2003, viste at 61 prosent av dei spurte politifolka hadde opplevd det.
Langbach skriv: "På de fleste steder finnes det da alltids skikkelige folk som kan gjøre dette (altså: holde orden på fulle folk) som ekstraarbeid på fredags- og lørdagskveldene". Me siterar frå teksten til januar månad i vår kalender, utgitt i samband med vårt 100-års jubileum i år: "På midten av 1800-tallet var innleide håndverkere og bondegutter ansvarlige for sikkerheten i byer og tettsteder. Etter endt arbeidsdag tok de på seg å patruljere byens viktigste strøk. Men lønnen var dårlig, motivasjonen lav og jobben de utførte var lite effektiv". Ordninga ble derfor forlata på slutten av 1800-talet. Politiets Fellesforbund meinar me ikkje skal innføra den att no.
Arne Johannessen
Forbundsleiar

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)

Tips en venn