Metoder i forebyggende arbeid
Hvorfor benytter ikke Statsråden seg av kontakten med den største fagorganisasjonen i politi- og lensmannsetaten til å få innspill på kandidater til viktige utvalg? Politiets Fellesforbund forventer å bli tatt med på råd! Dette skriver blant annet forbundsleder Arne Johannessen i et brev til Justisministeren.
Videre i brevet skriver han:
Syner til offisielt frå statsråd 6.juli, sak 4 styrer, utval.
Til Politiets Fellesforbund sin store glede registrerar me at Regjeringa har oppnevnt eit utval for å sjå på reglane om politiet sin bruk av metodar i førebyggjande øyemed.
Når me derimot ser på samensettinga av utvalet, vert gleda erstatta med overrasking og skuffelse.
Over tid har me sett at utval som arbeider med kriminalpolitiske spørsmål er overrepresentert med juristar, og ofte er den politifaglege kompetanse totalt fråværande.
Dette er ting som tidlegare er tatt opp med Statsråden.
Politiets Fellesforbund er ein fagorganisasjon med eit sterkt og synleg fagleg engasjement langt utover det som ofte er vanleg i fagorganisasjonar, det har me forstått at også vår arbeidsgjevar har registrert og gjeve uttrykk for at ein set pris på.
PF som fagorganisasjon har i mange høve tatt opp kriminalpolitiske utfordringar, og ikkje minst i høve til ein meir gjennomgåande fokus på det førebyggjande perspektivet.
Difor vert det svært skuffande å registrera at ikkje Statsråden nyttar seg av kontakten med den suverent størst fagorganisasjonen i politi- og lensmannsetaten til å få innspell på kandidatar til slike viktige utval.
Det er dessverre ikkje første gong me opplever dette, ein såg det same bl.a. når det vart nedsatt eit utval som skulle sjå på tiltak i høve til ungdomskriminalitet.
I PF sin medlemsmasse er det svært mykje kompetanse på desse områda og andre politifaglege spørsmål som Statsråden burde nytta langt betre enn det me har sett i det siste.
Som fagorganisasjon er me opptatt av eit direkte og godt samarbeid, og forventar at ein vert tatt med på råd også i slike viktige politiske spørsmål som vedkjem våre medlemmar sin arbeidssituasjon og kvardag.

![Politiets fellesforbund [picture/logo]](gfx/logo130.jpg)

Tips en venn